NM for kor 2023

God stemning på vår egen NM-fest! Foto: Nils Hidle

I helga som var, heldt Koralliansen og Norges Korforbund Sør-Trøndelag NM for Kor i Trondheim. Gjennom helga deltok 53 kor i mange ulike klassar, og heile arrangementet var prega av ei varm og god stemning, med både samhald og songglede.

Frå Ung i Kor deltok seks medlemskor i ulike klassar: Láhko Voices, Bærum pikekor, Stadsbygd barnekor, Ensemble Rex, Defrost Youth Choir og Team Dalgård. Kora deltok i ulike klassar, der dei kunne konkurrere mot kor av same type.

Resultat

Her er resultata frå dei ulike klassane

Resultata vart presenterte på ei separat prisutdeling for barn og unge, der kunstnarisk leiar for NM, Tove Ramlo-Ystad, samt domar Anine Kruse, deltok for å presentere poenga frå juryen.

Verkstad med Jan Magne Førde

På laurdagen vart alle barne- og ungdomskor inviterte til å delta på gratis musikkverkstad med Jan Magne Førde. Tema var ulike afrikanske songar, med rytme, leik og song.

Foto: Nils Hidle

Fleire prisar til barne- og ungdomskor

I samband med prisutdelinga hadde også Ung i Kor ei tildeling av sine eigne prisar, for framståande prestasjonar i barne- og ungdomsklassane.

Sjangerprisen for beste framføring av klassisk musikk gjekk til Vivace ungdomskor og dirigent Siv Anette Lorentzen, særskilt for framføringa av Jeg sitter bare her, av Sigrid Amalie Bratsberg og Bjørn Alexander Bratsberg.

Sjangerprisen for beste framføring av rytmisk musikk, gjekk til Lillestrøm kirkes ungdomskor og dirigent Renate Ørnes Eide for framføringa av musikalsongen A million dreams fra The Greatest Showman.

Prisen for beste musikalske formidling gjekk til Láhko Voices og dirigent Anna Jelstad, for måten dei imponerte med heilstøpte program, der alle overgangane var flytande i ein samansett koreografi, og songarane midt i dette delte på ansvaret i å ta tonar og å setje i gang songane.

Prisen for beste tekstformidling gjekk til Stadsbygd barnekor og dirigent Inger-Lise Frøseth, for å på ein føredømeleg måte få den minste gruppa i NM til å vere dei fremste på å formidle både tekstens innhald og uttrykk, i både valet av tekstar og i utføringa.

Prisen for beste sceneshow gjekk til Bærum pikekor og dirigent Christina Thingvold, der både songarar og dirigent viser fram eit stort scenisk talent, med flott koreografi og kreativ bruk av rekvisitt, alt frå kosedyr, reisesekkar og golvtvoger!

Songgledeprisen gjekk til Team Dalgård og dirigent Anita Karlsen, for eit program som formidlar energi og trøkk heilt til bakarste rad i salen, og der koret frå fyrste stund viser fram noko som er ein av dei aller viktigaste tinga for oss i Ung i Kor - songglede.

NM-finalen

To av våre medlemskor hadde ikkje konkurrert ferdig ved dette tidspunktet, og kunne heller ikkje medverke ved prisutdelinga for barn og unge på dagtid på laurdagen. Dette var Defrost Youth Choir og Ensemble Rex. Begge to skulle likevel vise seg svært godt fram i konkurransen - og begge to vart kvalifiserte til sjølve NM-finalen i Olavshallen på laurdag kveld!

Ensemble Rex vann klassen Elite Sakral med 95,71 poeng - den høgaste poengsummen i heile NM, og fekk ein andreplass i klassen Elitekor, med 94,42 poeng. 

Defrost Youth Choir vann i sin tur klassen Ungdomskor A (ikkje gjennomført ved den tidlegare prisutdelinga) med heile 92,63 poeng, og klassen Sakral A med 91,13.

Ein framifrå innsats frå to unge kor på aller høgaste nivå! I finalen fekk begge to likevel sjå seg slegne av Kammerkoret Aurum, som kan kalle seg for verdige Noregsmeisterar.

Takk for ei fantastisk helg!

Forrige
Forrige

Gratis dirigenthelg i Stjørdal for ungdommer!

Neste
Neste

Tegnsangkurs høsten 2023