Lån ein folkemusikar

I 2023 feirer vi folkemusikken og folkedansens år! Grunnen er at FolkOrg, organisasjonen for folkemusikk og -dans fyller 100 år. Vi markerer året med prosjektet Lån en folkemusiker. Det er eit samarbeid med De Unges Orkesterforbund (UNOF) og er støtta av Sparebankstiftelsen.

Kva er “Lån ein folkemusikar”?

Gjennom denne satsinga kan medlemmar i Ung i Kor få besøk av ein folkemusikar på ei øving eller eit seminar, som kan instruere i repertoar, framføringspraksis og relevant historikk om temaet. Tiltaket må gjennomførast i 2023.

Det er mogleg å ønskje kva for instrument musikaren skal instruere på, og nærare detaljar rundt innhald og repertoar vert avklara direkte mellom dirigenten og instruktøren.

Ordninga dekker honorar og reise til instruktøren. Ved denne fristen er det også mogleg å søkje om fleire timar for kor som allereie har fått tildeling, eller å søkje om støtte til eit meir samanhengande prosjekt.

Alle medlemslag i Ung i Kor kan søkje om dette. Dersom det er eit stort antal påmelde, kan me prioritere geografisk spreiing på tiltaka.

Neste søknadsfrist er 10.09.2023.

Har du spørsmål? Kontakt musikkonsulent i Ung i Kor, Daniel von Gertten, på e-post daniel@ungikor.no

Forrige
Forrige

Hurra for Vokalfestival 2023!

Neste
Neste

Søk støtte til ny musikk